25.01.12

Det lønner seg å gløyme igjen ei bukse og kamerakabelen heime i juleferien!

16.01.12

Søkeord 37

jæren

Dennan blåggen omhanle i udgangsponkte ikkje jæren, men om dåkke ønske dæ, kan eg gått bjynna å skriva på jærsk?
.
solnedgang i bergen

Eg har nøyaktig det du er ute etter, og ja, eg er så gavmild at eg legg dei ut på bloggen slik at du kan stele dei:





Det blir ingen vane at eg er så gavmild!

fine mørke jenter

Tenker du mørk som i solbrun eller mørk som i naturleg brun? Viss du tenker på førsnemnde, så trur eg kanskje eg har nokre bilder du vil like.
.
melde meg ut av samfunnet

Okei? Eg trudde me blei ferdige med dette i forrige søkeordinnlegg.

myke skuffelser til jul

Så det er slik de ser det? Hæ? Alle sokkane eg brukar heile året på å strikke akkurat til dykk!

papirbretting+2.klasse

Kanskje eg har høge tankar om meg sjølv, eg trur ikkje papirbrettinga mi ser ut som ho er frå 2. klasse?







Mamma, kan du sende kabelen til kameraet mitt snart?



15.01.12

Eg er kul fordi eg...

...har isbada i soloppgangen klokka 09:00 ein søndags morgon, 15.01.2012. Gal, sa du?

...har begynt å spele bubbleshooter igjen. Dei glupaste av dykk hugsar sikkert at eg er tidlegare verdsmeister i bubbleshooter?



Vel, nå har eg begynt å spele igjen:


Eg er litt ute av trening som de ser.

...var flink til å skrive dikt då eg var lita.



Tilgi meg for orddelingsfeila, June.

...har ein giraffkjærast. (Eg blir aldri lei av å vise dykk dette bildet!)


Nokon som vil kjøpe livet mitt? *De kan få det til halv pris!



* Tilbodet gjeld berre i dag, 15.01.2012. Frakt vil komme i tillegg, og blir betalt av kjøpar ved henting av vare. Henting må skje innan to månader etter kjøp, elles er salet å rekne som ugyldig, og eit gebyr på kroner 500,- vil måtte betalast.



.

10.01.12

Dei brunmåla veggane

Det er rart korleis ein ikkje har visst at ein føler noko før ein plutseleg ikkje kan føle det meir. Brunmåla veggar som rommar rullande latter, bekymringsfri leik, hjartevarm tryggleik og vakker barndom. Fargeglade figurar på alle husets vindauge. Leik utan grenser. Veggane blei eldre saman med tida og fnisete hemmelegheiter mellom knitrande strikkepinnar og fargerike garnnøste. Tikkande klokker utan at tid var viktig. Likevel gjekk tida, og noko mellom veggane blei endra. Angripe av livets nådelause påkjenningar. Likevel var det alltid der - latteren, leiken, tryggleiken og barndommen. Minna. Nesten umerkeleg - kanskje på grunn av kjenslenes låste dører - tek dei nådelause påkjenningane overtaket. Dei dyttar vekk alt det fine, og tvinger ein til å føle. Føle det ein ikkje vil føle, og det som ein i vakker barndom aldri trudde ein skulle føle. Tomheit. Sorg. Sakn. Berre den fargeglade blomsteren på kjøkkenvindauga minner om det som ein gong var, og det som framleis alltid vil vere: Minna. Minna om dei brunmåla veggane med rullande latter, bekymringsfri leik, hjartevarm tryggleik og vakker barndom.

08.01.12

Sangen om gleden

Du som ber om dager uden sorg,
du som sanke' lyst og glede
for å holda smerten nede,
du som jage itte vind



Du som tror du vokse' uden
tab, du som aldri tar ein sjanse,
men må holda dødens skanse,
mens din livslyst tørke' inn;





Alt som kan gje glede har ein
spire te et savn...





La solen seila øve himmelen,
på sleb e' alltid nåttå med.
Om glede snart må viga plass for sorg,
e' begge frukt av same store tre!





Du som vil ha nærhed uden sår,
du som stenge' adle dører
når ein skarpe kant berører
dine lengslers ømme hud;





Lykken kan du bare høsta der
kor smerten gror...


La solen seila øve himmelen,
på sleb e' alltid nåttå med.
Om glede snart må viga plass
for sorg,
e' begge frukt av same store tre!






La solen seila øve himmelen,
snart følge' mørket på fra øst.
Om glede då må viga plass for sorg,
e' begge frukt av same store høst!



Du som tror at himmelen blir te'
i ditt eget skjøre hjerte,
uden gråd og fødselssmerte,
må ha glømt ka glede e'
 

Tekst: Erik Hillestad / Melodi: Sigvart Dagsland
Foto: Silje Karin Vatnamot Åberge (eventuelt meg)

03.01.12

Søkeresultata som fører meg inn i det nye året med tidenes lengste overskrift

"maria amelie"
- Eg les bloggen hennar, og så har eg forresten lest boka hennar òg.

african håre
- Eg vil anbefale deg anten å søke på engelsk eller på norsk for best mogeleg resultat.

cannabisplante
- ...

nyttårs dikt
- Nyttårsdikt!

afrikanske jenter
- Eg kjenner mange.

dikt om nyttår
- Det var då veldig ... Eig de ikkje fantasi?

jenter med kort hår i afrika
- Ok?

jæren
- Velkommen til Jærenekspertens blogg. Kva kan eg hjelpe deg med, ditt jordeple?

melde seg ut av samfunnet
- Finst det fleire av meg? Kven er du?

sokka i solarium blogg
- Om du vil ha eit kvitt skille nede på beina, er det sikkert ein god idé.

skybert
- Eg vil gjerne påpeike at 15(!) søk på "skybert" har ført folk hit.

solnedgang skåne
- Er det fint? Skal me ta ein romantisk tur dit? Berre eg og du i Skaaaaoooone? Ja?

stygt menneske
- Unnskyld meg, men du har søkt på "stygt menneske" og kome til min blogg?!

stygt smil
- Hallo, nå mista eg all den sjølvtilliten eg ikkje hadde.

avlastningsheim
- Eg prøver framleis å finne ein til mora mi, ja. Hjelp meg, nokon?

31.12.11

Det var ein gong eit år

År 2011

Januar

Eg starta året med å reise til Hallingdalen, Setesdalen, Gudbrandsdalen eller ein annan dal langt vekke frå folk flest.

Her ropte eg på trollet i fjellet, men det kom desverre ikkje ut.

Februar

I februar kjøpte eg eit (les: mitt første og siste) Brannbrød,

laga ein hatt av det,


og reiv det i tusen bitar.

Mars

I mars åt eg.





Og drakk.

Og så reiste eg til Ghana, og åt litt meir.

April
I april hadde eg bursdag, og då tok me alle barneheimsungane med til stranda.
Og så fekk eg besøk av Herr Malaria. Etter at hans visitt var over, reiste eg til ei aude strand heilt åleine

og var lykkeleg.
 Mai


17. mai blei feira med norske flagg og vakre barn.
 Juni


I juni stod eg opp grytidleg for å ta bilde av soloppgangen. (Det var kanskje litt for å gå på jobb òg...)

Og så feira eg bursdagen til lillebror, som dessverre ikkje er så veldig liten lenger.
Han har teke over rolla som sjef i søskenflokken (som ikkje er ein flokk, men drit i det).

Og så tok eg bilde av blomster, slik eg alltid gjer.

Juli

I juli tok orkideen til mamma sjølvmord då ho var bortreist, og eg blei som vanleg dømt for drap ...


Og så var eg i vakre Vetti,

og på sjølvaste piggen over alle piggar.

 August

I august flytta eg brått og spontant til Kristiansand og begynte å klatre på folk.



September
Eg hugsar ikkje kva eg gjorde i september, og det er sikkert like greitt.


Oktober




I oktober gjekk eg på tur saman med kameraet mitt og ipoden min - mine to beste turkameratar.

November

I november reiste eg til Kenya og fekk meg ein giraffisk kjærast. (Me er framleis saman.)

Desember
Og i desmeber blei eg eten av ei løve. (Og ja, eg likar å starte setningane mine med "og".)
I tillegg blei det tradisjonen tru jul, og heimelaga julepynt frå 1994 blei hengt på treet.
Snipp snapp snute, og så var året ute.