10.11.11

Eg skal gifte meg!

Eg fekk A på eksamen. Melding frå pappa: "Hei, skal du gifta deg i morgon klokka 11.11?" Eg har ikkje svart ennå. Eg er heilt knust. Tenk at eg kunne gløyme min eigen bryllaupsdag! Eg har jo planlagt at eg skulle gifte meg 11.11.11 kl. 11.11.11 sidan eg var lita. Og nå er det kvelden før dagen eg har venta på i årevis, og så har eg verken brudekjole, brudgom eller smellbongbongar! Men eg har bleika håret. Er det nokon som vil gifte seg med meg? Er veit det er litt kort varsel, men eg fekk A på eksamen, så det burde vege opp for resten. Eigentleg skulle eg skrive noko skikkeleg viktig nå, men så gløymde eg det medan eg bleika håret og var fortvila fordi eg hadde gløymt bryllaupsdagen min.



Kanskje eg skal gifte meg med meg sjølv. Det burde vere lov dersom ein har psykologerklæring på at ein er schizofren. Ikkje at eg har det, men eg fekk A på eksamen. Nå må eg støvsuge. Eg har utsett det i fleire dagar, berre fordi det er så kjedeleg. Eg hatar å støvsuge. Når eg blir rik, skal eg tilsetje ein støvsugar. Inntil vidare må eg nok gjere jobben sjølv. Eg får dessutan besøk i kveld. Kanskje gjesten min vil gifte seg med meg. Eg skal spørje han. Nemnte eg forresten at eg fekk A på eksamen? Nå svara eg på meldingen frå pappa. Han har sikkert gleda seg like mykje som meg til bryllaupet.

Nå kom eg på kva det viktige eg skulle seie var. Eg reiser på studietur til Kenya og Tanzania på tysdag! Vel, eg må støvsuge, og så fekk eg A på eksamen. Prekæs.

0 tankar frå andre:

Legg inn en kommentar