20.11.11

Kanya 3

I dag tidleg sat eg ute på benken på ein veloppdragen og uprovoserande måte. Plutseleg kjem ein apekatt hoppande ned frå taket med ein unge på magen, akkurat som ein kenguru. Han (eller det var vel kanskje ei ho sidan ho hadde unge på magen) kjem springane mot meg, og står vel ca ein meter ifrå meg. Eg prøver å jage han vekk med veska, utan hell. Sidan det ikkje hjelper, og apekatten kjem nærare og nærare med eit truande blikk, tek eg nokre steg bakover. Plutseleg hoppar alle apekattvennene til den skumle apekatten ned frå taket og kjem springane mot meg. Eg legg naturlegvis på sprang, og roper på mamma, medan eg blir jaga av ein gjeng med illsinte apekattar. Heldigvis greier eg å springe rundt huset og inn den opne døra på den andre sida utan at apekattane får tak i meg.

Eg har hermed utvikla apekattfobi, og er alvorleg traumatisert. Eg trur eg treng akutt psykologhjelp når eg kjem tilbake til Noreg.

PS1! Hevnen er søt. Berre pass dykk, apekattar!

PS2! Eg har ete krokodillekjøt på tidenes mest underhaldande restaurant!

3 tankar frå andre:

  1. 1. Het restauranten tilfeldigvis Mama Africa eller noe i den duren? :P
    2. Hva tror du det riktige termet for apekattfobi er? Jeg fant det ikke på internett...

    SvarSlett
  2. 1. Hugsar ikkje namnet, men trur ikkje det var det. Høyres i alle fall ikkje kjent ut..

    2. Eg veit, eg veit! http://www.fobier.net/maimoufobi:

    "bakenforliggende til angstlidelsen for apekatter er oftest tvetydig, men ofte på grunn av ødeleggende episoder genetisk sårbarhet i nervesystemet. Fobien for aper kureres ved hjelp av kognitiv trening."

    HAHAHA

    SvarSlett
  3. Hahaha XD Jeg flirer som en ape!

    SvarSlett