- Eg les bloggen hennar, og så har eg forresten lest boka hennar òg.
african håre
- Eg vil anbefale deg anten å søke på engelsk eller på norsk for best mogeleg resultat.
cannabisplante
- ...
nyttårs dikt
- Nyttårsdikt!
afrikanske jenter
- Eg kjenner mange.
dikt om nyttår
- Det var då veldig ... Eig de ikkje fantasi?
jenter med kort hår i afrika
- Ok?
jæren
- Velkommen til Jærenekspertens blogg. Kva kan eg hjelpe deg med, ditt jordeple?
melde seg ut av samfunnet
- Finst det fleire av meg? Kven er du?
sokka i solarium blogg
- Om du vil ha eit kvitt skille nede på beina, er det sikkert ein god idé.
skybert
- Eg vil gjerne påpeike at 15(!) søk på "skybert" har ført folk hit.
solnedgang skåne
- Er det fint? Skal me ta ein romantisk tur dit? Berre eg og du i Skaaaaoooone? Ja?
stygt menneske
- Unnskyld meg, men du har søkt på "stygt menneske" og kome til min blogg?!
stygt smil
- Hallo, nå mista eg all den sjølvtilliten eg ikkje hadde.
avlastningsheim
- Eg prøver framleis å finne ein til mora mi, ja. Hjelp meg, nokon?
HAHAHA XD!
SvarSlettDu må slutte å skrive "stygt" så mykje i innlegga dine, så slepp du slike svært misvisande treff i framtida!
SvarSlettHaha, mordiogfardin :D